Juleferie 2016

Ulstein Betongindustri tek juleferie f.o.m fredag 23.12.16. Vi held stengt fram til mandag 02.01.17.

I staden for julegåver og andre helsingar, gir Ulstein Betongindustri ei gåve til SOS Barnebyer. Vi ynskjer med det alle våre tilsette, kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar ei rett god jul!

Sjøseting i Ulstein Betong Marine

2 store flåtar (UF114 og UF115) vart nyleg sjøsette frå dokka hos Ulstein Betong Marine. Begge flåtane skal dei neste månadane byggast overbygg på og utrustast med teknisk utstyr. Kunde er Marine Constructions AS og flåtane skal operere som fôringsflåtar i havbruksnæringa på norskekysten.

Oppstart i Gjerdegata

Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med gravearbeidet i tomta der bygget med 24 leiligheiter skal oppførast. Fleire tusen kbm. masse er fjerna og tomtegropa vert klar for forskalings- og betongarbeid i januar 2017.

Stor aktivitet i høve utgravinga, med lastebilar og gravemaskiner i fullt arbeid, kan vere distraherande for dei mjuke trafikantane. Vi oppmodar biltrafikken om å ta omsyn til dette både i Gjerdegata og i Bakkegata !

Arena Ulstein

Arena Ulstein tek form med ferdigbetong frå Ulstein Betong AS. Fleire tusen kbm er levert sidan oppstarten hausten 2015. Enno står ein del att, men det som skal verte eit praktbygg viser etterkvart godt igjen i bybiletet.

Leiligheitsbygg i Gjerdegata

Prosjekt Gjerdegata ligg ute for sal og interessa er stor ! 12 av 24 leiligheiter er det kontraktsfesta sal på og fleire er i tingingar. Det er flotte fasilitetar som kjem kundane i dette prosjektet til gode : Flotte leiligheiter med god utsikt, parkeringskjellar med eigen plass, 2 heiser, balkong, kun 4-5 min. gåtid til bysentrum, mv. Ta kontakt med Ulstein Betong Constructer AS for informasjon dersom du er interessert !