2 store flåtar (UF114 og UF115) vart nyleg sjøsette frå dokka hos Ulstein Betong Marine. Begge flåtane skal dei neste månadane byggast overbygg på og utrustast med teknisk utstyr. Kunde er Marine Constructions AS og flåtane skal operere som fôringsflåtar i havbruksnæringa på norskekysten.