Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med gravearbeidet i tomta der bygget med 24 leiligheiter skal oppførast. Fleire tusen kbm. masse er fjerna og tomtegropa vert klar for forskalings- og betongarbeid i januar 2017.

Stor aktivitet i høve utgravinga, med lastebilar og gravemaskiner i fullt arbeid, kan vere distraherande for dei mjuke trafikantane. Vi oppmodar biltrafikken om å ta omsyn til dette både i Gjerdegata og i Bakkegata !