Litt av det som skjer på bruket - og i bransjen.
Ulstein Betong Marine/Ulstein Entreprenør har bygd ei flytekai i betong (20x30m) i tørrdokka ved Ulstein Verft. Kapasiteten i tørrdokkene i Haddal er “sprengd” og sidan Ulstein Verft hadde ledig ein liten del av si dokk, vart det gjort avtale om produksjon av flytekaia der. Arbeidet i dokk er no fullført.
Den 08.06.2021 var det sjøseting av betongkaia, som deretter vart slept til kai i Haddal. Sjøsetinga gjekk heilt etter planen og vi takkar Ulstein Verft so mykje for velvilje og godt samarbeid!
Flytekaia skal no utrustast i Haddal og etterkvart slepast til Oslo, der Marina Solutions skal syte for ankring og installasjon for kunde.
Ulstein Betong Constructer AS er i ferd med å sete i verk sal, og etterkvart bygging, av leiligheitsbygg i Fjellvegen i Volda. Prosjektet skal innehalde 22 leligheiter i 2 separate bygg, med felles parkeringskjellar og uteareal. Leiligheitene varierar i storleik og pris - med kvalitetar ein trur marknaden i Volda vil sete pris på.
Eiendomsmegler Vest Volda (v/Johnny Kragset) er engasjert som meklar og alt sal av leiligheiter vert utført av dei.