Litt av det som skjer på bruket - og i bransjen.
01.12.2020 vart Jørund Reite tilsett som ny dagleg leiar i Ulstein Entreprenør AS. Jørund Reite har utdanning innafor fagområdet anleggsteknikk frå Teknisk Fagskule og høgskulestudium i administrasjon og leiing. Han har dei siste åra vore tilsett i Veidekke Industri AS, periodevis som avdelingsleiar, prosjektleiar og teknisk leiar. Han har tidlegare mange års røynsle frå bygge- og anleggsverksemd, bl.a som produksjonsleiar og prosjektleiar for større byggeprosjekt i NCC Eeg-Henriksen Anlegg AS og i PEAB.
Jørund Reite er 56 år, gift, og har 3 born. Han er busett på Lauvstad i Volda kommune.
Ulstein Entreprenør AS og Ulstein Betongindustri AS ynskjer Jørund velkomen i selskapet og i konsernet, og ser fram mot eit godt samarbeid og positiv utvikling av verksemdsområdet han er tilsett for å leie.
Ulstein Betong Marine AS har bygd flytekai for Marina Solutions AS, som har levert totalløysinga til Rådhusbrygga i Ålesund. Flytekaia er 50 meter lang, 5 meter brei og 3 meter høg. Over 2 meter av kaia er dermed under vatn og kaia har eit kjellarareal på ca. 230 kvm. Dette arealet skal etterkvart nyttast til lager, sanitæranlegg mv.
Rådhusbrygga skal nyttast som anløpskai for Cruise Service og Geiranger Fjordservice sine hurtig- og passasjerbåtar.
Flytekaia er bygg nr. UF 149 frå Ulstein Betong Marine AS.
UF144 er den største betongflåten Ulstein Betong Marine (UBM) har bygd. Flåten har ei botnplate på om lag 800 m² - og 3 etasjar med innreia boligareal på til saman 600 m². Dyktige fagfolk har sørga for eit bygg som både UBM og kunden vår, Marine Constructions, kan være stolte av.
Sjå stillingsomtale under fana Ledig stilling