Recon-leveransar og normal drift

ulstein-betongindustri.jpg

Det er normal drift ved alle selskap i Ulstein Betongindustri på tross den uvanlege situasjon vi har rundt oss. Den siste veka har det også vore godt med leveransar av Recon-stein.

Vi støttar SOS Barnebyer i år også

Facebook_1200x628_1.jpg

Dei tilsette og Ulstein Betongindustri AS har tidlegare vorte einige om å gje ei alternativ julegåve. Dei siste åra har denne gåva gått til SOS Barnebyer. Det er ei glede å støtte det gode arbeidet SOS Barnebyar gjer for born i mange land. Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon!

https://www.sos-barnebyer.no/

Vellukka sjøsetting

flytemolo-1.jpg

Vellukka sjøsetting av flytemolo frå ny tørrdokk.

Ulstein Betong Marine har no bygd 3 flytemoloar til Øygarden kommune, og denne flytemoloen er den siste i denne serien. Flytemoloane vert kopla i kjede og dannar då 150 meter med vern for småbåthamna. Flytemoloane har «kjellar» og store areal under dekk som skal nyttast til lagerrom, tankar og tekniske installasjonar. Leveransen er gjennom Marina Solutions AS.

Denne sjøsettinga viser også at den nye dokka fungerer godt, og svarar til forventningane for bygging av lange, slanke, flytande konstruksjonar i betong.

Betongbru i Stordal

2019-11-05 Bru Stordal.jpg

Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med bruprosjekt i Stordal. Det er god framdrift i prosjektet.