Sjå stillingsomtale under fana Ledig stilling
Litt av det som skjer på bruket - og i bransjen.
Sjå stillingsomtale under fana Ledig stilling
Sjå stillingsomtale under fana Ledig stilling.
Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS har kjøpt 100% av aksjane i Standal Knuseverk AS. Samstundes vart eigedelane i Transportservice Standal AS kjøpt av Standal Knuseverk AS. Aksjekjøpet er ei strategisk posisjonering grunna ei venta utvikling for bransjen. I tillegg sikrar kjøpet levering av sand og singel til eige bruk.
Standal Knuseverk AS er ein av tre store aktørar for produksjon av natursand og natursingel til betongindustrien i Møre og Romsdal. Ressursgrunnlaget på Storestandal er monaleg stort og ambisjonen er å vidareføre den aktiviteten Standal Knuseverk AS har hatt dei siste åra.
Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS ser fram til eit godt samarbeid med grunneigarar, eksisterande kundar og andre interessentar i Standal Knuseverk AS.
Ulstein Betongindustri AS er godt i gong med bygging av ny tørrdokk i Haddal. Ulstein Entreprenør AS har oppdraget, og nyleg vart “senkekassa” posisjonert og senka. Operasjonen var svært vellukka!
Framleis står det att ein del arbeid før dokka er operativ, men planen er ferdigstilling for overlevering i september. Dokka skal nyttast av Ulstein Betong Marine AS, til produksjon av flytemoloar, flytekaier mv.
Ulstein Betong AS har levert Recon støttemursblokk til Flatnes Maskin AS. Murearbeidet er svært flott utført! Muren er ein del av eit bustadprosjekt i Volda.