Lasting_baat.jpg

Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS har kjøpt 100% av aksjane i Standal Knuseverk AS. Samstundes vart eigedelane i Transportservice Standal AS kjøpt av Standal Knuseverk AS. Aksjekjøpet er ei strategisk posisjonering grunna ei venta utvikling for bransjen. I tillegg sikrar kjøpet levering av sand og singel til eige bruk.

Standal Knuseverk AS er ein av tre store aktørar for produksjon av natursand og natursingel til betongindustrien i Møre og Romsdal. Ressursgrunnlaget på Storestandal er monaleg stort og ambisjonen er å vidareføre den aktiviteten Standal Knuseverk AS har hatt dei siste åra.

Ulstein Betongindustri AS og Hanset Sand AS ser fram til eit godt samarbeid med grunneigarar, eksisterande kundar og andre interessentar i Standal Knuseverk AS.