Ulstein Entreprenør tilbyd betongknusing

Betongsaks.jpg

Ulstein Entreprenør har investert i kraftig gravemaskinmontert betongsaks. Vi kan no tilby effektiv knusing av betong for fjerning av armering. Hugs at betongkonstruksjonar som skal rivast, og som inneheld armering, ikkje kan deponerast/gravast ned utan at armeringa vert fjerna.

Ta kontakt dersom du har betongmurar, betongplater eller andre konstruksjonar av betong som skal destruerast. Den knuste betongen kan nyttast som fyllmasse på staden (eller transporterast til aktuell deponering). Armeringsstålet kan leverast til gjenvinning. Sjå video:

Flytemoloar frå Ulstein Betong Marine

Ulstein Betong Marine har nyleg fullført levering av 5 stk. flytemoloar (à 50 m.) til Marina Solutions AS. Flytemoloane er no oppankra og monterte midt i hamnebassenget i Harstad. Videoen viser at effekta er svært god og kunden er storleg nøgd! I "kjellaren" på flytemoloane er det tilsaman 80 boder for utleige/sal til båtfolk som treng lagerrom. Vi takkar for oppdraget! (Sjå video nedanfor).

17.mai-markering i Gjerdegata

Ulstein Entreprenør har god framdrift i Gjerdegata. Siste del av taket på parkeringskjellaren vart støypt rett før 17.mai. Nok ein god grunn til å markere dagen, og flagget vart heist i bygningskrana.

"Ruskendag" rundt Haddalvika

Ulstein Betongindustri arrangerte også i år ryddedugnad rundt Haddalvika. På ettermiddagen den 11.05.2017 deltok eigne tilsette og innleigde frå Haddal Skulekorps med flott innsats! Det vart samla opp rusk og rask i fleire containarar, som dagen etter vart leverte hos SSR. Vi takkar for innsatsen!

Ulstein Entreprenør med oppdrag for Larsnes Mek.

Ulstein Entreprenør AS har fått oppdraget med grunn- og betongarbeid i høve bygging av ny verkstadshall hos Larsnes Mek Verksted AS. Arbeidet skal starte med det fyrste og vil vere fullført over sommaren.

Ny pumpe-/trommelbil i Ulstein Betong AS

Ulstein Betong AS har investert i heilt ny pumpe-/trommelbil. Bilen er utstyrt med betongtrommel og Putzmeister betongpumpe med rekkevidde på ca 25 meter. Lastekapasiteten er 3-4 kbm. betong og bilen er lite plasskrevande samanlikna med andre betongpumpebilar. Ulstein Betong AS har no ein bilpark som inneheld 2 stk. betongpumpebilar, 2 stk. kombinasjonsbilar (trommel/pumpe) og 5 stk. betongtrommelbilar.