Ny-utdanna kranførarar i Ulstein Betong Marine

Ulstein Betong Marine har no to nye kranførarar i staben. Radoslaw Gawedzki hadde oppkøyring tidlegare i dag og det gikk strålande. Nyleg har også Marius Vartdal teke kranførarsertifikat. Vi gratulerer begge! Bernt Arve Midtbø i MBA Sikkerhetsopplæring AS var svært godt nøgd med kandidatane.

Betongpumpedans...

I skumringa vart vi vitne til ein elegant "betongpumpedans" på kaia til Ulstein Betongindustri. Balansert utstøyping på ein flytemolo stiller krav til presisjon...

Ulstein Kran & Transport med oppdrag i Hornindal

Ulstein Kran & Transport har nettopp utført montering av eit tømmerhus i Hornindal. Det var ein svært so vellukka operasjon, med strålande nøgd kunde. Vi er heldige å få eit morsomt perspektiv på byggeprosessen. Vi ser mobilkrana i øvre venstre hjørnet av biletet.

Oppdrettsflåte nr. 77 levert

Det skjer i Ulstein Betong Marine! For få dagar sidan vart Ulsteinflåte (UF) nr. 113 sendt av garde. Dette er den 77. oppdrettsflåten i rekkja, og er ein "hesteskoflåte" med nyttelast på 700 tonn. På hovudplanet er det 4 lugarar, 2 bad, stove/kjøken og kontrollrom. I underetasjen er det trimrom. Flotte fasilitetar for dei som skal arbeide om bord. Vi ynskjer kunden lukke til med ny-investeringa!

Fyrste veggforskalinga oppsett i Gjerdegata

Ulstein Entreprenør AS arbeider for fullt i Gjerdegata. Mykje av solestøypinga er unnagjort, botnen i heis-sjaktene er på plass og no startar forskalinga av veggane til parkeringskjellaren. Vi prisar det flotte arbeidsvêret...

Ulstein Betong AS demmer opp for storbåra

På Gjøneset (Gjerdsvika) arbeider storbåra utrøytteleg. Vegen vert no sikra med betong frå Ulstein Betong AS. Fleire lass med betong er pumpa ned i ei forskaling i vegfyllinga. Vi får tru båra har fått noko å "bryne" seg på dei komande åra...