Monument i Garneskrysset

Sokkelen til eit monument i rundkøyringa i Garneskrysset er klargjort hos Ulstein Betongindustri AS. Skal tru kven eller kva som skal monterast på toppen?? Vi kan røpe at det er nokon eller noko som representerar Ulstein kommune...

For ordens skuld: det er gitt løyve frå Ulstein kommune og Statens Vegvesen til å plassere ut monumentet. Ulstein Betongindustri AS vil, saman med initiativtakar og samarbeidspart, starte arbeidet so snart monteringsdato er avklara.

Ferske fagarbeidarar i Ulstein Entreprenør

Erlend Magne Lindset og Even Soleng pustar ut etter nyleg avlagt praktisk fagprøve i Anleggsmaskinførarfaget. Begge bestod med særs godt resultat! Teoretisk del vart unnagjort i juni 2016 og den praktiske prøva (over 3 dagar) omfatta grøfting, nedseting av kum og planering. Vi GRATULERER begge som fagarbeidarar!!

Fyrste betonglevering til bustadblokka i Gjerdegata

Torsdag 26.01.2017 vart fyrste betongen levert til bustadblokka i Gjerdegata. Delar av solen er no støypt og arbeidet med grunn og betong held fram for fullt i det flotte januar-vêret. Les meir om prosjektet på våre heimesider. Det er framleis prisgunstige leiligheiter for sal. Kontakt oss for informasjon!

2 flåtar til påbygging og utrustning

Surt, vått og grått...men vi har godt med arbeid! Ulstein Betong Marine har to store flåtar (sjøsette i desember) liggande ved kaia i Haddal for påbygging og utrustning. Begge til kunde Marine Construction AS. Vi satsar på at tømrarane rekk å få bygga tette før neste "snøride"...

Byggeklar bustadtomt på Dimnøya i Ulstein

På Dimnøya i Ulstein kommune har Ulstein Betong Utbygging byggeklare bustadtomter for sal. Biletet viser ei einebustadtomt på Sundgot, med opparbeidde vegar fram til tomta, utbygd breiband, offentleg vatn/kloakk mv. Tomta ligg i flotte omgivnadar med god utsikt, nærleik til turterreng og berre 5 km. frå Ulsteinvik sentrum. Tomtearealet er 872 kvm. Pris : kr. 470 000,- (med tillegg for tinglysing og dokumentavgift). Ta kontakt for meir informasjon og visning.

Full produksjon i Ulstein Betong Marine

Berre få dagar etter sjøseting var det full produksjon igjen i dokka ved Ulstein Betongindustri AS. Ulstein Betong Marine AS produserer no 1 stk fôringsflåte, 2 stk flytemoloar og 1 stk. flytekai for sjøseting i midten av mars 2017. Forskalings- og armeringsarbeidet er godt i gong (armering av botnplater på flytemoloar nærmast på biletet).