Flytemolo i betong kan i mange høve vere eit alternativ til steinmolo. Godt vern for marinaen og båtplassane kan gi deg meir for pengane enn du trur: god båredempingseffekt, mykje innvendig areal og minimale inngrep i strandsona! I tillegg er flytemoloar ei fleksibel løysing: du kan kople saman fleire flytemoloar til ynskt lengde.

God båredempingseffekt!

Det er levert flytemoloar til marinaanlegg og hamnebasseng fleire stadar i landet. Dokumenterte testar og røynsler viser god båredempingseffekt. Standard flytemolar er 50,6 meter lange, 4,6 meter breide og 3,5 meter høge. Total eigenvekt erca 750 tonn og dei har eit neddykk på 2,7 - 2,9 meter (alt etter last). Ankring vert utført av godkjent sjøentreprenør, med anker tilpassa lokale tilhøve. På lesida av flytemoloen vert marinaen etablert. Losida har fendring og pullertar for midlertidige anløp.

“Gratis” areal under dekk!

Det unike med våre flytemoloar er det innvendige arealet. Ca. 250 kvm. (ca. 550 kbm.) kan innreiast etter ynskje og behov. Innvendig takhøgde er 2,98 meter. Mange stadar er lagerplass til båtutstyr ol. vanskeleg tilgjengeleg, eller kostbart. Med vår flytemolo får du dette “på kjøpet”. Arealet under dekk kan innehalde lagerbuder, møterom, tankanlegg, verkstadrom eller anna. Vasstett dør, trappenedgang, godt med lys, lufting og lekkasjealarm er standard utrustning.

Minimale inngrep i strandsona!

Løyve til permanente inngrep i strandsona er mange stadar vanskeleg få. Moloar av steinfylling i sjø kan ha lite ynskjelege konsekvensar for det marine miljøet og etablering krev ofte lange prosessar. Andre stadar er steinfylling ikkje eit alternativ, grunna djupne, botntilhøve eller anna. Ein flytemolo kan løyse desse utfordringane og opne for plassering av marinaanlegg der det kanskje ikkje er mogleg utan. Dessutan kan eit flytemoloanlegg flyttast! Endra arealdisponering, endra grunnlag for marinadrift eller andre tilhøve kan oppstå. Anlegget kan då flyttast, selgast eller sanerast, utan spor.




Vår samarbeidspartnar, Marina Solutions AS, har fleire videoar som ligg på Youtube. Her er ein av dei som viser flytemoloar.