• ­Miljøvenleg

  • Unik plasseringsfleksibilitet

  • Vern mot tøffe vêrforhold

  • Nærleik til fiskeutstyr og sikker handtering

  • Tilgang for gaffeltruck

  • Effektiv lasting og lossing

  • Høg lastekapasitet

  • Skreddersydde oppbevaringsløysingar


Ei flytande fiskerikai i betong har skreddarsydde løysingar for handtering og oppbevaring av utstyr under dekk. Flytekaia gir vern i tøffe vêrforhold - og utfordringar med flo og fjøre er redusert. Samanlikna med ei tradisjonell kai med bygningsanlegg, gir vår løysing omlag 30% av kostnadene - og flytekaia kan flyttast dersom fiskeriet krev det. Ulstein Betong Marine har til no bygd nærare 200 flytande betongkonstruksjonar til ulike formål. Lang røynsle og høg produktkvalitet gir god sikkerheit for produkt og løysingar.

Teikning og prosjektering

Vi utfører teikning og prosjektering etter dei funksjonar og ytingar kunden ynskjer, med utgangspunkt i standardløysingar. Vi samarbeider med selskap som har lang røynsle i sjøentreprise og syter dermed også for posisjonering og ankring av flytekaia, etter analyser av vind- og sjøtilhøve. Løysingar for landgang og ev. samvirke med andre installasjonar vert også teke i vare.

Areal på og under dekk

Våre flytande betongkaier har stort dekksareal, der det kan leggast til rette med gode løysingar for logistikk og servicefunkjsonar. Stabilitet i sjøen og tilpassa flytehøgde gir gode vilkår for anløp og aktivitet. God oppdrift og stort volum i skroget tillet installasjonar for ytingar av mange slag, alt etter kva funksjonar fiskerikaia skal innehalde. Sikkerheita er teken i vare med naudutgangar, alarmar, pumper, vasstette luker og skott. Ventilasjon, isolasjon, lys og innreiing elles vert tilpassa den standarden kunden ynskjer.

Fleksibilitet og minimale inngrep i strandsona

Ei flytekai krev minimale inngrep i strandsona, i motsetnad til ei landkai. Eit landingspunkt for landgangen er stort sett nok. Dette gjer ofte prosessane rundt løyver frå offentleg mynde enklare, i tillegg til at synlege spor etter inngrep i naturen vert små. Ei flytekai kan også flyttast! Endringar av infrastruktur eller behov tillet reposisjonering av kaia, eller flytting til heilt ny lokasjon. Dersom grunnlaget for drift fell bort, kan den til og med selgast! I alle høver vil området enkelt kunne førast attende til opprinneleg status.