Betong på sjøen

Vi er størst i Noreg på produksjon av betongflåtar til havbruksnæringa! Dette hindrar oss ikkje i å også vere svært dyktige på andre flytande betongkonstruksjonar.

Ulstein Betong Marine produserer flytande betongkonstruksjonar i eiga tørrdokk i Haddal i Ulstein kommune.
Vi har mange års røynsle og sidan starten i 1988 er det produsert godt over 100 bygg. 

Det er produsert betongflåtar til fleire produktmarknadar: oppdrettsflåtar til havbruksnæringa, hurtigbåtkaier til privat og offentlig samferdsel, flytekaier til fiskeri og godshandtering og flytemoloar (med god bølgedempar-funksjon og lagerfasilitetar) til småbåthavner og marina-anlegg. 

Tørrdokka i Haddal har storleik som tillet produksjon av objekt som har betongskrog med ca. 3m djupne og alternativ arealstorleik på inntil: 21,5m x 90 m. Volumet i skroga gir rom for stor lagerplass og/eller tekniske installasjonar.

Påbygg vert utført etter kva funksjon og innhald flåten skal ha. 

 

 
 

ASBJØRN TRONSTAD | Mob.: 920 80 248