Dersom du er rette kandidaten, vil Ulstein Betong Marine AS gjerne ha deg som lærling frå hausten av! Betongfaget er eit svært spanande og framtidsretta fag.
Sjå meir informasjon under "Ledig stilling".
Litt av det som skjer på bruket - og i bransjen.
Dersom du er rette kandidaten, vil Ulstein Betong Marine AS gjerne ha deg som lærling frå hausten av! Betongfaget er eit svært spanande og framtidsretta fag.
Sjå meir informasjon under "Ledig stilling".
Ulstein Betongindustri AS vurderar å ta inn totalt 4 nye lærlingar frå hausten 2018. Vil du verte lærling hos oss må du ha interesse for fagområdet, like å arbeide ute, ha pågangsmot og godt humør. Aktuelle fagområder er betongfaget, tømrarfaget og anleggsmaskinfaget.
Sjå meir informasjon under "Ledig stilling".
Ulstein Entreprenør AS er godt i gong med oppdraget for SSR i Saunesmarka. Grunnarbeid er unnagjort for fyrste bygget og delar av solen er ferdig støypt. Ulstein Betong AS er leverandør av betong og betongpumpetenester.
Ulstein Entreprenør AS har nyleg bygd ei betongflytekai for Ulstein Betong Marine AS. Grunna sprengd kapasitet i tørrdokka i Haddal, måtte kaia byggast på land. Deretter vart den flytta om bord på Ulstein Verft sin lekter, frakta til Myklebust Verft i Gursken, køyrd inn i flytedokka og deretter sjøsett for slep attende til Haddal. Operasjonen var svært vellukka og kaia ligg no klar for slep til endeleg destinasjon.
Sjå "timelap" frå fyrste del av operasjonen. Kaia veg over 400 tonn:
Ulstein Betong Utbygging har fleire utbyggingsprosjekt i arbeid og planar om fleire. For betre handtering av planlegging, salsarbeid, prosjektutføring og oppfylgjing av prosjekta, er det naudsynt å tilsete ein person som kan gjere ein innsats på desse felta. Sjå stillingsomtale på www.ulsteinbetong.no/ledig stilling.
Illustrasjon
Ulstein Entreprenør AS har skrive kontrakt med på Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS om hovudentreprisen for byggetrinn 2 i Saunesmarka. Arbeidet omfattar grunnarbeid og oppføring av fleire bygg på SSR sitt område. Kontraktsummen er på kr. 14 205 626.
Vi gratulerer SSR med eit godt val av entreprenør og Ulstein Entreprenør med mykje godt arbeid den komande tida.