Ulstein Knuseverk AS (UK) er ein del av konsernet Ulstein Betongindustri og har i dag 4 tilsette.
Ulstein Knuseverk AS har eige pukkverk lokalisert på Kvalneset i Ulstein kommune. Eit moderne anlegg tillet produksjon av dei fleste fraksjonar av fyllmassar som pukk, singel og sand. Maskinparken har kapasitet til å handtere store mengder masse både i produksjon og utlevering. UK søkjer etter anleggsmaskinførar for drift og interntransport av masser.
Anleggsmaskinførar
Oppgåver og ansvar
• Delta i drift av knuseverket
• Maskinarbeid etter behov
• Interntransport av masser
• Problemløysing og reparasjonar
Ønskte kvalifikasjonar
• Røynsle frå knuseverk og transport av masser
• Røynsle frå bygg og anlegg
• Kompetansebevis i relevante maskinklasser
Personlege eigenskapar
• Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig
• Fleksibel og løysingsorientert
• Struktur og god orden
• Evne til god kommunikasjon
Vi tilbyr
• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsdagar
• Trivelege kollegaer
• Personleg utvikling
• Konkurransedyktige vilkår
Spørsmål om stillinga kan rettast til Kai-Ove Nesset 469 19 932
Søknad skal sendast pr. e-post til: eli@ulsteinbetong.no
Søknadsfrist 15.04.2023